← Edvard Hoem
Omslaget til «På vidvanke»

På vidvanke

Edvard Hoem

skjønnlitteratur

I memoarromanen På vidvanke får lesaren eit innblikk i eit brennande engasjert og kompromisslaust skriveliv. Edvard Hoem skriv om dei første tre tiåra som diktar og dramatikar, politisk aktivist, ektemann og far. I hovudstaden, småbyar på austlandet og etter kvart i Bergen svingar pendelen mellom stor suksess og dundrande nederlag, sterk tru og ein minst like sterk tvil. Vegen heim til Fræna og slektsgarden var lang, helt til den ein dag ikkje lenger var det. Frå det gamle huset på Hoem har forfattaren eit gjensyn med den unge, ikkje for å dømme, men for å forstå korleis tidene var, og korleis også den som er på vidvanke, kan finne djupare innsikt.

Utgaver