← Frode Grytten
Omslaget til «17. mai Bergen»

17. mai Bergen

Frode Grytten

sakprosa

Nokre meiner ein bergensar er meir typisk enn andre, og kvart år på den "søttendes" slår han ut i full blomst.

Fotokollektivet Moment har dei siste åra arbeidd med å lage eit fotografisk dokument om fenomenet 17. mai i Bergen. Gjennom ein lang serie portrett av folk i alle aldrar, og med ulike kulturelle, etniske og sosiale bakgrunnar, viser fotografane eit samansett og allsidig bilde av byen og bergensaren.

Teksten i boka er av Frode Grytten som med sitt eige skarpe men også kjærlege blikk, fortel om Bergen og den typiske bergensaren.

-Når bergensaren først er i gang, må han bare kjøre på, kjøre på, kjøre på. - Hallaien, ditt helvetes rævholl! roper bergensaren lykkelig ut over Festplassen. Korleis er det mulig å ikkje vere smellforelska i ein slik by?, skriv Grytten, og smeltar slik hjarta til alle som opnar boka.

Utgaver