← Kjartan Fløgstad
Omslaget til «Brennbart»

Brennbart

Kjartan Fløgstad

sakprosa

Brennbart er ei historie om korleis usanningar og kunnskapsløyse kan vekse til historieforfalsking. Førestellinga om ei tett kopling mellom Nasjonal Samling og målrørsla vart forma i dei første åra etter krigen. Seinare vart den bygd ut av eit riksmålsforbund med særs mykje å skjule, og deretter av historikaren Hans Fredrik Dahl, av forfattaren og politikaren Lars Roar Langslet og av mange andre. Denne aggressivt kunnskapsfiendtlege linja i kulturpolitikken fører mellom anna til bokbrenning på Oslos beste vest så seint som i 1999. Nynorsk og annan motkultur skal reinskast ut og makteliten tek på seg jobben. Kjartan Fløgstads bitande pamflett teiknar eit bilete av korleis revisjonistiske og inkompetente historikarar og politikarar har freista å knuse det språklege mangfaldet, og med det skape djupare kulturelle sprekker i Norge enn på hundre år.

Utgaver