
Vakkert
skjønnlitteratur
I "Vakkert", som er eit samarbeid mellom DNT og Teateret Vårt i Molde, lar Fosse familien Han, Ho og Dottera reise heim på ferie til Mor hans, som bur ved fjorden. Denne gongen har dei bestemt seg for å bli heile sommaren. Der møter dei den gamle Venen hans, som ikkje har kome seg ut av bygda, han bur enno heime hos mor si. Dei spelte i orkester saman i ungdommen og det var Venen som var kløpparen på gitar, men vi anar no at det er eit kunstnarsinn som held på å gå i frø. HAN er på si side musikklærar i byen, men har hellerikkje drive det til noko. No ser dei fram til å friske opp att gamalt venskap og ta seg ein tur på fjorden, det seier dei i alle fall. "Vakkert" hadde urpremiere på Det Norske Teatret 23. mars. Nyn.
Utgaver
norsk · 2001
Samlaget · ISBN 9788252158182